Dolly Parton gravlagd i Nashville

av | 31. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Dolly Parton blei fredag gravlagd i ein liten og privat seremoni i Nashville, opplyser familien.

Countrystjerna blei gravlagd på Woodlawn Memorial Park and Mausoleum ved sida av ektemannen Carl Dean, skriv Page Six. Dean døydde i mars 2025, 82 år gammal, etter 58 års ekteskap.

Rundt eit dusin familiemedlemmer og venner skal ha delteke i seremonien.

Partons grandniese Lainey Mae Parton fortalde om gravferda i eit innlegg på Instagram laurdag.

– Det er vanskeleg for meg å skrive dette innlegget. Eg ville vente med å setje ord på alt til etter at min «beste» blei gravlagd i går, skriv ho.

Ho takkar også Parton for støtta og omsorga ho viste familien.

– Fordi ho ikkje sjølv kunne få barn, fekk ho oss alltid til å føle at vi var hennar eigne. Ho elska oss på den måten, og det vil eg alltid vere takksam for.

Parton døydde tysdag, 80 år gammal, etter kort tids kreftsjukdom.

Familien hadde på førehand opplyst at gravferda skulle vere liten og privat, i tråd med Partons eige ønske.

I staden for blomstrar har familien bede om at det blir gitt bidrag til Dolly Partons Imagination Library, som deler ut gratis bøker til barn.

(©NPK)