Avgiftsauken fører til at det blir lagt på 4,71 kroner per liter for bensin og 4,51 kroner per liter for diesel.
Måndag vart det frå heile landet rapportert om rasjoneringsaktige køar ved bensinstasjonane for bileigarar som skulle sikre seg drivstoff.
Nesten 30 kroner.
Tysdag morgon var prisane jekka opp. Før klokka 11 var det registrert opp til 29,45 kroner for diesel og 27,80 kroner for bensin.
– Det kan ventast at prisane kryp litt vidare opp. Ein del bensinstasjonar har enno ikkje lagt inn heile avgiftsauken, seier Syver Orhagen i Drivstoffappen til NTB.
Etter dette vil prisnivået roe seg, trur Orhagen. Dei vanlege svingingane gjennom veka vil komme tilbake.
– Forskjellane mellom stasjonar er store, ofte mange kroner literen. Det løner seg å sjekke prisen før du fyller, tilrår han.
Fram til klokka 11 tysdag ligg gjennomsnittsprisen på 27,16 kroner for diesel og 25,97 kroner for bensin.
Fall utover dagen.
Utover dagen gjekk drivstoffprisane litt ned igjen.
– Av rundt 1270 stasjonar vi kan følgje time for time, har 694 sett ned prisen sidan i dag tidleg, mot 91 som har sett han opp, seier Orhagen tysdag kveld.
I løpet av dagen fall median dieselpris frå 27,87 kroner på morgonen til 27,44 kroner i 18-tida. Bensinprisen fall frå 26,79 til 26,47 kroner literen.
– Bensinen har stige litt meir enn avgiftsauken åleine forklarer, seier Orhagen.
Mot snitta for 19.–30. august har bensin 95 stige cirka 5,60 kroner literen, mot ein avgiftsauke på 4,41, ifølgje han.
Senterpartiet (Sp) og Framstegspartiet (Frp).
Stortinget innførte eit mellombels kutt før påske i 2026 for å skjerme forbrukarane mot prissjokk. Dette kuttet vart oppheva 1. september 2026.
Medan bileigarar fortviler, er det ganske stille frå politikarane i Stortinget om saka. Partia har nemleg signalisert at det ikkje blir noko politisk debatt under sørgjetida etter kong Haralds død.
Senterpartiet (Sp) og Framstegspartiet (Frp) er partia som har gått inn for å redusere eller fjerne avgiftene.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #115396](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/QX7HPa6m48s.jpg)



0 kommentarer