Borgfreden kan bli ein knebel, åtvarar ytringsfridomsekspert

av | 3. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Borgfreden til stortingspolitikarane gir ei kjensle av sensuriver, åtvarar professor Anine Kierulf. Ho synest ikkje ein sjølvpålagd pause i politiske ytringar er nokon god idé.

Dei politiske partia på Stortinget har i fellesskap vedteke å setje politisk verksemd og debatt på pause fram til 10. september, dagen etter gravferda til kong Harald.

Ein slik avtale kan fort ende som ein knebel for politisk debatt, seier ytringsfridomsekspert og jussprofessor Anine Kierulf til Nationen.

– Denne typen partiavtalte, velmeinte råd og retningslinjer blir jo fort ein slags knebel, i realiteten. Sjølv om det rettsleg sett ikkje er noko problem, seier ho.

Ho åtvarar om at borgfreden kan skape ei kjensle av sensur, der befolkninga og politikarar byrjar å overvake og tyste på kvarandre i staden for å diskutere sak.

Det som er særleg utfordrande med borgfreden, er at han er uklar, meiner ho.

– Er det ei oppmoding, eit råd, ei retningslinje? Kor strengt er dette meint å vere? spør professoren, og held fram:

– Jo meir uklar norma er, desto meir vil ein halde tilbake når det gjeld ordinær politisk debatt. Det er ikkje nødvendigvis så heldig.

Senterpartiet tok onsdag initiativ til eit møte på Stortinget for å snakke om korleis borgfreden skulle forståast og praktiserast etter at fleire politikarar har skulda kvarandre for brot på borgfreden, men møtet vart avlyst då fleire andre parti takka nei til å delta.

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar