Bloomberg: Putin vil trappa opp angrepa mot Ukraina

av | 26. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-Nils-Inge Kruhaug): Russland planlegg å trappa opp angrepa mot Ukraina, ifølgje kjelder som Bloomberg har snakka med.

Nyheitsbyrået har snakka med fleire anonyme kjelder som har band til Kreml.

Ifølgje kjeldene har Russland konkludert med at forhandlingane om ein fredsavtale har hamna i ei blindgate og vurderer no å trappa opp angrepa mot Ukraina.

Russland planlegg i første omgang å intensivera dei ballistiske missilangrepa mot Kyiv og dessutan mot infrastrukturmål i andre ukrainske byar.

– Nato-angrep

Kreml betraktar i aukande grad dei ukrainske angrepa mot mål i Russland som angrep frå Nato-land ettersom desse landa forsyner Kyiv med våpen og etterretning, seier Bloomberg-kjeldene.

Utsendingane til president Donald Trump, Steve Witkoff og Jared Kushner, har ikkje besøkt Moskva på åtte månader.

Det er venta at USA snart vil gjera eit nytt forsøk på å føra partane til forhandlingsbordet, men Moskva trur ikkje på noko gjennombrot, seier kjeldene.

Putin varsla

Ifølgje to av Bloomberg-kjeldene meiner Kreml at dei alt har komme med innrømmingar som har gjort sitt til å svekkja Russlands posisjon i krigen.

President Vladimir Putin signaliserte ei kommande opptrapping i ein kommentar til ein russisk journalist i helga, der han slo fast at vestlege sanksjonar ikkje vil få Russland til å gi etter.

– Det var Ukraina som opna denne pandoraeska. Vel, ver førebudd på ein motreaksjon retta mot dei mest sårbare delane av økonomien dykkar, sa han.

(©NPK)