Berlin-terroren: Anteken gjerningsmann skal ha svore truskap til IS i mobilvideo

av | 28. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Mannen som er mistenkt for å ha køyrt ein varebil rett inn i ei folkemengd under pridefeiringa i Berlin, skal ha svore truskap til IS, ifølgje Bild.

Den tyske avisa skriv tysdag at etterforskarar har funne ein video frå angrepsdagen på Abdul Ballouts telefon. Klippet viser etter seiande 21-åringen som sver truskap til den ytterleggåande islamistgruppa.

IS, som i ein periode på 2010-talet kontrollerte store område i Syria og Irak, har tidlegare teke på seg ansvar for ei rekke terrorangrep i Europa og Midtausten.

Ei 65 år gammal polsk kvinne vart drepen og 29 skadde då ein varebil køyrde inn i ei folkemengd under pridearrangementet Christopher Street Day i Tiergarten-parken i den tyske hovudstaden laurdag kveld.

Søndag kveld vart den mistenkte gjerningsmannen skoten og drepen av politiet i eit kolonihageområde i utkanten av Berlin. Han er fødd i Tyskland, men familien hans kjem frå Libanon.

(©NPK)