Begge dei to avisene fortel historia om flukta til den norske kongefamilien frå Noreg i 1940.
Medan kong Haakon og kronprins Olav fann vegen til London, flykta kronprinsesse Märtha, tre år gamle prins Harald og søstrene Astrid og Ragnhild først til Sverige.
På invitasjon frå presidenten i USA, Franklin D. Roosevelt, heldt kronprinsessa og dei tre barna deretter fram til Washington.
Amerikansk aksent
Det kvite hus i Washington og heimen til Roosevelt i Hyde Park i New York vart også deira heim den første tida, før familien til slutt enda opp i ein herskapsvilla nord for Bethesda i Maryland.
– Han oppheldt seg gjennom dei formande åra i USA før han vende heim som åtteåring med amerikansk aksent og eit minne om å ha stått bak president Roosevelt under den fjerde innsetjinga hans i januar 1945, skriv Washington Post i nekrologen om kong Harald.
Kong Harald omtalte alltid tida i USA med varme. Under ein tale i Seattle gav han uttrykk for djup takksemd «for den sjenerøsiteten og gjestmildskapen» familien opplevde gjennom dei fem åra i USA.
– Landet dykkar har hatt ein spesiell plass i hjartet mitt sidan den gongen, sa han.
Reformator
Dei amerikanske storavisene omtaler kong Harald som ein reformator som moderniserte det norske monarkiet.
– Han vann dei 5,6 millionar innbyggjarane i landet med kjenslemessig openheit og støtte til mangfald og religiøs toleranse. Han arbeidde for å modernisera monarkiet og gjera det meir gjennomsiktig, mellom anna gjennom medieintervju og ved å offentleggjera årlege finansrapportar, skriv Washington Post.
Avisa minner mellom anna om talen han heldt under ein hagefest på slottet i 2016.
– Nordmenn er einslege, skilde, barnefamiliar og gamle ektepar. Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutar som er glad i gutar, og jenter og gutar som er glad i kvarandre. Nordmenn trur på Gud, Allah, Altet og Ingenting, sa han.
Samhøyr
The New York Times minner også om korleis kong Harald stod fram som eit symbol på nasjonalt samhøyr og styrke etter terrorangrepet som kosta 77 menneske livet i juli 2011.
– No er det viktig at vi står saman og støttar kvarandre, og at vi ikkje lèt frykta ta over, sa han i ein tale same kvelden som angrepa fann stad.
Under ein minneseremoni for offera nokre veker seinare gret kongen openlyst.
– Eg har alltid hatt kjensla av at i krisetider er det nettopp det vi er her for, sa han i eit intervju med avisa noko seinare.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #113861](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/hsiDHc_zNRk.jpg)



0 kommentarer