Jubileet blir feira med ei jubileumssending fredag, men allereie onsdag blir det gjensyn med gamle godbitar i programmet «Lisenskontrolløren», skriv NRK i ei pressemelding.
Første utgåve av «Norge Rundt» gjekk på lufta 2. oktober 1976, og reportasjane blir laga av distriktskontora til NRK.
Programleiarjobben går på rundgang blant distriktskontora, og sidan Arnt Ryvold leidde den første sendinga i 1976 har over 190 personar vore innom programleiarjobben.
Programleiar for jubileumssendinga er Finn Tokvam, som seier det er ærerikt å få vere med på å feire det han kallar «en sprek 50-åring».
– For meg er Norge Rundt programmet der alle folka du møter smiler med auga, og det synest eg er vakkert. Og så merkar eg at programmet betyr mykje for mange – det er eit samlande program i ei splitta tid som vi treng, seier Tokvam.
Spesialepisoden av «Lisenskontrolløren» blir send onsdag klokka 21.10 på NRK1, medan sjølve jubileumssendinga går fredag klokka 19.40. Denne sendinga vart spelt inn i Byparken i Bergen.
Begge programma er også tilgjengelege på NRK TV-appen nokon timar tidlegare.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #215167 S ut9fgqzrs](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/s-Ut9FGQZrs.jpg)













0 kommentarer