Magnar Kartveit er fødd i Manger i Nordhordland, tok embetseksamen ved Det teologiske menighetsfakultet i 1972 og teologisk doktorgrad ved Universitetet i Uppsala i 1987. Han har arbeidd ved Misjonshøgskolen frå 1975 og er no emeritus ved VID vitenskapelige høyskole. Forskningsinnsatsen har dreid seg om forståinga av Krønikebøkene i Det gamle testamentet, om opphavet til den samaritanske gruppa og om hebraisk språk. Han deltok i den nye svenske bibelomsetjinga i 1999 og i Bibelselskapet sin Bibel 2011. Gjennom åra har han hatt forskings- og undervisingsopphald i Kina, Madagaskar, Israel, Tyskland, Storbritannia og USA. Frå 2008 til 2016 var han leiar i Société d’Études Samaritaines, som har sete i Paris. Nyaste boka er «Gud, pest og plage» (2024), med engelsk utgåve i 2025. I tillegg til forfattarskapet forskar han og held føredrag. Han er gift med tidlegare sokneprest Marit Kartveit, og dei har fire barn, åtte barnebarn og eit oldebarn.
(©NTB)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #189005 Eziaxoq4 jc](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/ezIaXOq4_jc.jpg)













0 kommentarer