Leif Ingvald Nesheim vart fødd og vaks opp på garden Tunheim i Nedre Vats i vakre Vindafjord, som eldstemann i ein syskenflokk på fem. Den tekniske interessa leidde etter kvart til tre år på «teknikken» i Bergen og sivilingeniørutdanning i Rapid City, USA, ferdig i 1980. Broren Bjørn Steinar overtok odelen og garden. Leif Ingvald har arbeidd heile yrkeslivet i oljebransjen i Stavanger. Der møtte han sin kjære Lindis i 1984, som han fekk to flotte søner med. Dei 14 siste åra har Leif Ingvald vore tilsett i Statoil/Equinor som overingeniør på struktur. Jobben har teke han og Lindis på (eventyrlege) utanlandsopphald i Malaysia og England, og litt i Singapore på prosjekt/oljefelt som Gina Krohg, Johan Sverdrup og Bacalhau. Andre interesser har vore dykking, gamle motorsyklar, golf, Formel1 og matlaging. Leif Ingvald vert pensjonist til vinteren og vil halde fram som nyfiken eldre herre med fokus på golf, matlaging og familien, spesielt barnebarnet, Magnus.
(©NTB)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #118185 71wissyece8](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/71wiSSYeCE8.jpg)



0 kommentarer