Island kallar inn USAs ambassadør etter Trump-innlegg

av | 8. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): USAs president Donald Trump delte måndag kveld eit kart der USA plutseleg hadde annektert nesten heile Nord-Amerika – og Island. No vil islendingane ha ei forklaring.

USAs ambassadør på Island blei måndag kalla inn til utanriksdepartementet i landet for å høyre frå utanriksminister Thorgerdur Katrin Gunnarsdottir, har departementet uttalt til ei rekke medium.

– Ministeren gjorde det klart at innlegget var fullstendig upassande, sa dei til kringkastaren RÚV.

Innlegget som Trump la ut på si eiga plattform Truth Social viste det amerikanske flagget over stort sett heile Nord-Amerika, inkludert Canada, Mexico og alle dei mellomamerikanske og karibiske landa. I tillegg var Grønland og Island dekte i eit amerikansk flagg. Innlegget inneheldt ingen tekst eller annan forklaring.

RÚV påpeikar likevel at Grønland, Danmark og EU måndag underteikna ein avtale om milliardinvesteringar innan mellom anna satellittinternett på Grønland.

Trumps interesse for Canada og Grønland har vore velkjend lenge, men at Island inngår i det som kan sjå ut som visjonen hans for eit framtidig USA er litt meir overraskande.

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar