Det viser tala frå undersøkinga som vart lagt fram på ein pressekonferanse tysdag morgon.
– Resultata er svært alvorlege og stadfestar ei utvikling me har sett over lang tid. Det er ikkje gjort nok for å snu den negative utviklinga i læringsresultata til norske elevar dei siste ti åra. Det er mitt ansvar å leggja til rette for at utviklinga blir snudd med meir kraftfulle grep framover. Det ansvaret tek eg, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.
– Alvorleg
Pisa (Programme for International Student Assessment) måler kompetansen til 15-åringar i lesing, matematikk og naturfag. I lesing og rekning ligg norske elevar no bak dei fleste land Noreg samanliknar seg med, og på linje med land frå mellom anna Aust-Europa som brukar langt færre ressursar per elev.
Direktør i Utdanningsdirektoratet, Morten Rosenkvist, er også bekymra over resultata.
– Eg meiner det mest alvorlege er at stadig fleire elevar presterer på dei lågaste nivåa i undersøkinga. Det betyr at altfor mange manglar kompetanse som er nødvendig for vidare utdanning, arbeid og samfunnsdeltaking når dei går ut av grunnskulen. Utviklinga tyder på at me ikkje fangar opp alle som strevar tidleg nok, og det meiner eg me må ta tak i, seier han.
Nedovergåande kurve
Resultata føyer seg inn i rekkja av nedslåande rapportar om norsk skule. I august slo Fellesskoleutvalget alarm om situasjonen, og utvalsleiar Bjørn Haugstad sa at «fellesskulen er ein berebjelke som står i fare for å bresta av overbelastning».
I juni retta også Riksrevisjonen sterk kritikk mot at urovekkjande mange elevar manglar grunnleggjande ferdigheiter etter ti år på skulen.
– Styresmaktene har satsa på grunnleggjande ferdigheiter i 20 år, og Stortinget har auka midlane til dette. Då er det kritikkverdig at norsk skule ikkje har utrusta fleire elevar med gode grunnleggjande ferdigheiter, sa riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen under framlegginga.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #117853 O7ythwwxzqe](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/O7YThwwXZQE.jpg)


0 kommentarer