Globale, ekstreme hendingar med røyk frå skogbrannar er tredobla sidan 1990-talet, viser ein studie omtalt i WMOs siste rapport om luftkvalitet og klima.
Denne røyken bidrog til nesten 100.000 ekstra dødsfall per år mellom 2010 og 2018 – men dette talet kan faktisk vere eit for lågt estimat.
– Hetebølgjer og skogbrannar skaper mikroskopiske luftforureinande partiklar som kan undergrave den internasjonale innsatsen for å betre luftkvaliteten, verne folkehelsa og ta vare på naturen, skriv WMO i rapporten.
Ikkje separat
– Luftkvalitet og klimaendringar kan ikkje behandlast separat. Blir det eine forverra, blir det andre òg forverra, seier Lorenzo Labrador frå WMOs globale overvakingsnettverk av atmosfæren.
Rapporten peikar på at kraftige skogbrannar fører til høg konsentrasjon av skadelege finpartiklar i lufta.
– Mikropartiklar som blir danna ved forbrenning av vegetasjon, er langt meir giftige enn partiklar frå andre kjelder, sjølv samanlikna med eksosutslepp frå bilar, understrekar han.
Partiklane skader helsa til menneske og dyr, sjølv om dei lever langt frå sjølve brannen. Partiklane kan spreiast langt med vinden.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #117814 Qwhuhptew8c](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/qWhUHPtEw8c.jpg)



0 kommentarer