Russland kritiserer utplassering av amerikanske missil i Trøndelag

av | 7. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Det russiske utanriksdepartementet omtaler utplasseringa av eit avansert, amerikansk missilsystem i Trøndelag som endå ei høgst destabiliserande handling frå Nato-land.

Missilsystemet skal ifølgje Reuters vere i stand til å skyte ut Tomahawk-missil som kan nå store delar av Russland, inkludert Moskva.

– Slike steg reduserer sjansen for ein konstruktiv dialog om strategiske spørsmål til null, heiter det i meldinga frå russisk UD.

Departementet åtvarar vidare om at avgjerdstakarane i Washington og Oslo ikkje bør bli overraska over at systemet vil få særleg merksemd frå Russlands militære.

– Dette er endå eit steg i den endelause rekka av høgst destabiliserande handlingar frå Nato-land, skriv dei.

Systemet blei floge inn under øvinga «Atlantic City» i månadsskiftet august-september.

(©NPK)