Noregs første toglounge opnar på Oslo S i 2027

av | 7. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Togselskapet SJ etablerer Noregs første toglounge på Oslo S tidleg i 2027. Tilbodet gjeld reisande på strekningane Oslo–Stockholm og Oslo–Trondheim.

– Med opninga av Noregs første toglounge held vi fram med å utfordre og utvikle Noregs togtilbod. Dette er eit viktig steg i arbeidet med å løfte kundeopplevinga og gjere tog til det naturlege valet for fleire, spesielt for forretningsreisande mellom Trondheim og Oslo, seier administrerande direktør Rikke Lind i SJ Norge i ei pressemelding.

Loungen, som blir liggjande i andre etasje på Oslo S, vil gi tilgang til personleg vertskap, kaffi og enkel servering, arbeidsstasjonar og hjelp med billettreservasjon. Reisande med nattog blir i tillegg tilbodne frukost og dusj.

Tilbodet gjeld kundar i klassane Premium Pluss og SJ Sove, og dessutan reisande frå Stockholm med førsteklassebillett eller SJ Prio-medlemskap på Premium-nivå.

SJ har samarbeidd med Bane Nor Eiendom om lokala, og arbeidet er allereie i gang.

(©NPK)