(NPK-NTB) Ein elsparkesyklist i 60-åra omkom i ein kollisjon med ein bil i Skien fredag kveld, opplyser politiet.
– Trass i livreddande førstehjelp utført av fagpersonell, så var livet ikkje til å redde. Elsparkesyklisten, ein mann i 60-åra, vart erklært død på staden, opplyser politiet.
Pårørande er varsla.
Politiet melde om ulykka klokka 18.59 fredag.
(©NPK)


0 kommentarer