Ei rekke hushaldsvarer og ferskvarer kan forsvinne frå butikkane viss partane ikkje blir samde.
I første omgang er 707 arbeidarar klare til å streike om ein ikkje finn ei løysing. I hovudsak gjeld dette tilsette i Rema Distribusjon, men også ein del andre grossistlager som mellom anna Kolly, Felleskjøpet og Servicegrossist. Dei leverer til landbruket, hotell, kioskar og kantiner.
Meierivarer og øl
Egg, ost, smør, kylling, kjøt og pålegg er blant varene Rema Distribusjon leverer til matbutikkane. Det opplyser Nortura og Tine.
Tørrvarer som mjøl, ris og pasta, og i tillegg frosenmat som fisk, grønsaker og iskrem, blir levert frå grossistlagera til kjeda ifølgje nettsida deira. Dermed vil heller ikkje dette bli køyrt ut dersom det blir streik. Det same gjeld hushaldsartiklar og vaskemiddel.
Det kan også bli tømt for øl, ettersom grossistlagera distribuerer øl, brus og det som bryggeria produserer. Desse varene blir henta til Remas lager, opplyser Ringnes.
Men mjølk, rømme og yoghurt vil leverast som vanleg til butikkane om det skulle bli streik i grossistlagera. Her køyrer Tine direkte frå eigne lager.
– Ønskjer ikkje tomme hyller
Meklinga om grossistavtalen går føre seg mellom medlemmer i Fellesforbundet og Yrkestrafikkforbundet og NHO Service og Handel.
– Medlemmene våre held vareflyten i gang kvar einaste dag og sørgjer for at butikkar og kundar får varene dei treng, seier forhandlingsleiar Mohammed Malik i Fellesforbundet.
Hovudgrunnen til at partane no sit hos Riksmeklaren, er at dei ikkje har komme til semje om forskotering av sjukepengar.
– Det siste vi ønskjer, er tomme butikkhyller og stans i matleveransane, seier forhandlingsleiar Josefine Wærstad i Yrkestrafikkforbundet.
Sigbjørn Mygland i NHO Service og Handel seier at arbeidsgivarane også går inn i meklinga med ønske om å finne ei løysing.
Sjukepengar
Fellesforbundet og Yrkestrafikkforbundet har forskotering av sjukepengar som eit sentralt spørsmål i meklinga. Dei meiner at tilsette ikkje skal risikere å stå utan inntekt medan dei ventar på utbetaling frå Nav.
– Kravet handlar ikkje om høgare ytingar, men om at pengane arbeidstakaren har rett på, kjem i tide. Rundt tre av fire arbeidstakarar får allereie sjukepengane forskotert av arbeidsgivaren, seier Wærstad.
– Vi forventar også eit oppgjer som gir reelle forbetringar i avtalen og auka kjøpekraft, i tråd med frontfaget, seier Malik.
Rema førebudd
Mange butikkar har førebudd seg i tilfelle det blir streik. Lagera skal ha opplevd ein stor auke i bestillingar frå matbutikkane.
– Vi er førebudde og gjennomfører løpande vurderingar for å halde oppe ansvarleg drift og leveransar, innan rammene av lovverket og spelereglane i arbeidslivet som gjeld i denne situasjonen, seier direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt Marte Ramuz Eriksen til E24.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #116824 Raqi0tw6bbm](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/RAQi0tW6BbM.jpg)



0 kommentarer