Folketinget i Danmark vedtok i slutten av august å gi 300.000 danske kroner i erstatning til grønlandske jenter og kvinner som i åra 1961 til 1991 fekk sett inn spiral utan tilstrekkeleg samtykke.
Også etter at Grønland i 1991 overtok ansvaret for helsevesenet, heldt praksisen fram ei stund.
Ei utgreiing frå 2025 viste at minst 4.070 grønlandske kvinner hadde fått sett inn spiral ved utgangen av 1970.
Grønlands tidlegare regjeringssjef Múte B. Egede omtala i 2024 spiralsaka som eit folkemord, og i 2025 bad etterfølgjaren Jens-Frederik Nielsen og Danmarks statsminister Mette Frederiksen offera om orsak.
– Me er glade for at me allereie no kan tildela erstatning til dei første kvinnene. Det er dei dette handlar om. Kvinnene har bore på smerta etter krenkinga i mange år, og me håpar me kan hjelpa kvar enkelt kvinne med å setja eit punktum, seier direktøren for Patienterstatningen, Karen-Inger Bast.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #116745 H ndpikasuo](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/h_nDpikasuo.jpg)


0 kommentarer