Behandlinga er ei såkalla kombinasjonsbehandling, som inneber at ein brukar to eller fleire ulike medisinar eller behandlingsmetodar samstundes.
– Dette styrkjer tilliten til at behandlinga har effekt ikkje berre for utvalde studiepasientar, men også for pasientar som blir behandla i det ordinære helsevesenet, seier forskar Nathalie Støer ved Kreftregisteret.
Forskarane har undersøkt korleis det har gått med pasientar som normalt ville vorte stengt ute frå kliniske studiar på grunn av alder eller fordi dei har andre helseutfordringar.
Overlevinga er like god for desse pasientane som for dei som har delteke i forskingsstudiar, konkluderer dei.
– Dette gjer resultatet særleg relevant for helsevesenet, fordi det speglar pasientgruppa som faktisk blir behandla i klinisk praksis, seier Støer.
Blokkerer cellevekst
Studien tek for seg behandling av såkalla HER2-positiv brystkreft. Det er ein type svulst som rammar mellom 15 og 20 prosent av alle som får brystkreft.
– Denne typen brystkreft er kjenneteikna ved at kreftcellene har eit overuttrykk av eit protein kalla HER2. Når denne er sterkt uttrykt, blir kreftcellene stimulerte til vekst. Å blokkere denne mekanismen blir derfor eit nøkkelmål for behandlinga, forklarer førsteforfattar bak studien, Kathrine F. Vandraas.
For pasientar med denne typen brystkreft med spreiing, gir studien ein viktig bodskap: Moderne behandling ser ut til å føre til langvarig overleving også utanfor forskingsstudiane, oppsummerer forskarane.
Førstelinjebehandling
Bruken av kombinasjonsbehandling var eit stort framsteg då han kom. Behandlingsmetoden vart godkjend i Noreg i 2015, og det er standard førstelinjebehandling. Forskarane har samanlikna pasientgrupper før og etter omlegginga.
* I gjennomsnitt auka overlevinga frå 69 månader til 96 månader etter at den nye kombinasjonsbehandlinga (trastuzumab + pertuzumab + cellegift) vart innført.
* Det gjeld også «vanlege» og eldre pasientar (65 år eller eldre). Over halvparten av pasientane i den norske studien var eldre eller hadde andre helseutfordringar som ville hindre dei frå å delta i den opphavlege forskingsstudien.
* Langtidsoverleving: Tidlegare var prognosen dårleg for HER2-positiv sjukdom, særleg med spreiing. Men no er sjansane for å leve i ti år dobbelt så høge for HER2-positiv brystkreft med spreiing samanlikna med HER2-negativ brystkreft med spreiing.
Over 4500 fekk brystkreft i fjor
Til saman 4528 kvinner og 30 menn fekk brystkreft i fjor. Ved utgangen av året var det totalt 62.952 kvinner som levde med brystkreft her i landet.
Av desse hadde 6294 såkalla HER2-positiv sjukdom og 638 levde med HER2-positiv sjukdom med spreiing.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #116605 Qtiq6fbwl k](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/Qtiq6FBwl_k.jpg)



0 kommentarer