Høge bustadprisar, krav til eigenkapital og streng gjeldsgrad gjer at mange førstegongskjøparar ikkje klarer å kjøpe bustad åleine. Fleire får dermed hjelp frå foreldre, men det har skjedd ei endring i korleis føresette støtter i dei store bankane.
– I område med relativt høge bustadprisar har behovet for foreldrehjelp vore aukande over tid. Særleg for unge førstegongskjøparar er det utfordrande å ha tilstrekkeleg eigenkapital og likviditet, seier informasjonsansvarleg i SpareBank 1 Østlandet, Marte Goplen, til NTB.
Eigenkapital er ikkje nok
Goplen peikar på at det ikkje berre handlar om eigenkapital, men at den samla økonomien ofte blir for svak til å handtere eit bustadlån åleine.
– Ved sida av inntekt påverkar særleg studielån og anna gjeld kor mykje ein får låne. Derfor opplever mange at nålauget er trongt, seier ho.
Også hjå Nordea merkar dei stor pågang frå unge som treng draghjelp heimanfrå.
– Etter at eigenkapitalkravet vart senka til 10 prosent i fjor, har vi inntrykk av at færre foreldre stiller som realkausjonistar. Førstegongskjøparar treng likevel framleis hjelp, anten ved at familien stiller som medlåntakarar eller ved at dei får forskot på arv, seier pressesjef i Nordea, Cathrine Graff, til NTB.
Statistisk sentralbyrå (SSB) opplyser at dei ikkje har tal på førstegongskjøparar spesifikt, men reknar med at det gjeld dei fleste unge som kjøper bustad.
– Talet på bustadkjøparar i desse aldersgruppene har ikkje endra seg drastisk, men talet på dei som har fått hjelp frå foreldre for å finansiere bustadkjøp har auka, opplyser rådgivar Madeleine Schlyter Oppøyen i SSB til NTB.
Vidare understrekar ho at auken gjeld aldersgruppa 20–29 år i Oslo, medan vi ikkje ser ein tilsvarande auke for landet utanom Oslo eller i aldersgruppa 30–39 år.
Endra foreldrehjelp
Noregs største bank, DNB, fortel at mange unge kjem til banken for å få sitt første finansieringsbevis.
– I fjor hjelpte vi nærare 12.000 førstegongskjøparar inn på bustadmarknaden, og talet har halde seg stabilt dei siste åra, seier leiar for personmarknad i DNB, Maria Ervik Løvold, til NTB.
Ho legg til at jakta på bustaddraumen for unge ikkje er eit nytt fenomen, og hjelp frå foreldre er framleis viktig. Det er derimot ei endring i korleis unge får denne hjelpa.
– Vi ser ei tydeleg endring i korleis hjelpa blir gitt. Fleire foreldre blir medlåntakarar, færre stiller eigen eigedom som garanti, og forskot på arv har vorte viktigare, seier Løvold.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #116578 Mzhdekolqq](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/mzHDEkolQQ.jpg)



0 kommentarer