Arbeidstakarorganisasjonane Unio, YS Norsk Tjenestemannslag (NTL) og Parat er på den eine sida, Stortingsadministrasjonen på den andre sida.
Torsdag møttest partane hos Riksmeklaren for å prøve å finne ei løysing. Meklingsfristen er sett til midnatt.
Det er varsla plassoppseiing for i alt 337 av dei rundt 520 tilsette på Stortinget.
Dersom det blir streik, tek Parat ut 8 medlemmer, Unio 10 medlemmer og NTL 24 medlemmer i det første uttaket, ifølgje Riksmeklaren. Ein eventuell streik kan i verste fall føre til full stans i Stortingets arbeid.
– Det dreier seg mykje om fordeling av pengane. Vi har tona det veldig ned på merksemd og kommunikasjon. Vi ønskjer å opptre med respekt og verdigheit, sa leiar for NTL på Stortinget, Birthe-Lene Ørjasæter, til Dagbladet tysdag.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #116433 Qm6mjlyncqy](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/QM6MJLYNcQY.jpg)



0 kommentarer