(NPK-NTB) Lisbets eventyrlege potetkaker blir kalla tilbake etter funn av små framandlekamar i ein av ingrediensane.
– Natt til torsdag vart det oppdaga små framandlekamar i ein sekk med ingrediensar frå ein av leverandørane våre, melder Nye Reppens Bakeri AS i ei pressemelding.
Basert på føre-var-prinsippet valde bedrifta å kalle tilbake dagens produksjon pluss produksjonen frå tysdag 1. september og onsdag 2. september.
Desse er stempla med best før-datoane 06.09.26, 07.09.2026 og 08.09.26.
Bedrifta opplyser at kundar som har kjøpt produkta, blir bedne om å kaste dei eller å levere dei tilbake til butikken der dei er kjøpte.
Alle kjedene er varsla om hendinga.
Frå fredag 4. september held produksjonen fram som normalt med den aktuelle ingrediensen frå eit anna batchnummer, fritt for framandlekamar.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #116403 Nah4d4bad w](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/nAh4d4BaD_w.jpg)



0 kommentarer