Tog, trikk og buss tek også eitt minutts stille

av | 3. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK–NTB): Når heile landet stoppar opp i eitt minutt for å heidre kong Harald på gravferdsdagen, blir kollektivtrafikken med.

Samtidig som seremonien i Oslo domkyrkje startar, skal heile landet markera gravferdsdagen med eitt minutts stille, frå klokka 13 til 13.01.

Dette skal også skje i kollektivtransporten, der køyretøya køyrer til næraste haldeplass og står stille i eitt minutt, opplyser Ruter, kollektivselskapet som dekkjer hovudstadsområdet.

Vy planlegg det same over heile landet.

– Me er i planleggingsfasen, men også me ønskjer å markera dette, seier kommunikasjonssjef Åge-Christoffer Lundeby til NTB.

For toga sin del er det praktiske omsyn å ta.

– Me kan til dømes ikkje la dei bli ståande inni ein tunnel. Derfor køyrer dei til næraste stasjon, men det skal vera i størst mogleg grad rundt klokka 13, seier han.

– Når toga stansar, blir det lese opp ein bodskap om vår kjære kong Harald, seier Lundeby.

(©NPK)