UD held gjestelista til kong Harald si gravferd hemmeleg

av | 3. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Norske styresmakter vil av tryggingsomsyn ikkje offentleggjere kven som skal delta i gravferda til kong Harald onsdag, skriv Nettavisen.

Det er venta at eit stort tal utanlandske kongelege, statsoverhovud og andre offisielle representantar kjem til Oslo.

– Av tryggingsomsyn vil norske styresmakter ikkje offentleggjere ei liste over kven som har stadfesta deltaking. Kvart enkelt land som deltek, står likevel fritt til å opplyse om eiga deltaking, seier pressevakt Cecilie Skjennald i Utanriksdepartementet til Nettavisen.

Alle land med diplomatisk representasjon i Oslo er inviterte. Det same gjeld Nato-, EØS- og EU-land som ikkje har representasjon i Noreg. Landa bestemmer sjølv kven dei sender.

Det inneber at norske styresmakter ikkje vil stadfeste det dersom USA vel å sende president Donald Trump eller visepresident J.D. Vance. USA kan likevel sjølv opplyse om kven som deltek.

Russland, Sudan, Myanmar og Afghanistan er berre inviterte på diplomatisk nivå. Dermed er statsoverhovuda i landa ikkje inviterte.

– Utover dette vil Kongehuset ta stilling til kva for nokre andre personar dei ønskjer skal delta i gravferda. Det er berre nokre få plassar i Oslo domkyrkje, understrekar Skjennald.

Kong Harald blir gravlagd frå Oslo domkyrkje onsdag 9. september.

(©NPK)