Norske styresmakter har etter oppmoding frå Naftogaz, Ukrainas største statseigde olje- og gasselskap, teke arrest i eit russisk fartøy på Svalbard.
– Politiet på Svalbard har fått ei rettsavgjerd frå Nord-Troms og Senja tingrett om å ta arrest og utlegg i fartøyet Professor Molchanov. Politiet på Svalbard har i dag teke arrest i fartøyet i Barentsburg, seier operasjonsleiar på Svalbard, Håkon Finstad, til Aftenposten.
På nettsidene sine skriv Naftogaz at beslaget vart vedteke av Nord-Troms og Senja 31. august. Beslaget er ein del av ein global innsats som skal sikre at Russland utfører dei uteståande forpliktingane sine. Forpliktinga gjeld om lag 4,22 milliardar amerikanske dollar, i tillegg til renter og kostnader.
Det aktuelle fartøyet, Professor Molchanov, er eigd av Russland og blir brukt til kommersielle ekspedisjonscruise, mellom anna til Svalbard. Fartøyet får ikkje forlate sin noverande posisjon.
(©NPK)




0 kommentarer