– Sanninga om denne ulovlege angrepskrigen – og det sanne ansiktet til krigsbrotsverket – er i Sirik, der ein bryllaupsseremoni vart bomba som ein del av USA sin desperate kamp for å skjule nederlaget sitt, skriv talsmann for departementet Esmaeil Baqaei på X onsdag.
Iranaren avsluttar med eit sitat frå den amerikanske forfattaren Tim O’Brien:
«Ei ekte krigsforteljing er aldri moralsk… Viss ei forteljing framstår moralsk, tru ikkje på henne.»
Ved innlegget har Baqaei lagt ved eit videoklipp som viser store øydeleggingar på bygningar.
Ifølgje lokale styresmakter og Irans Raude halvmåne vart minst fem personar, blant dei eit barn, drepne i eit amerikansk angrep mot ein bryllaupsfest i byen Kuhestak i fylket Sirik tysdag. 68 menneske vart såra, har provinsstyresmaktene opplyst til statleg TV.
USA har ikkje kommentert hendinga direkte, men Midtausten-kommandoen gjentek at «det amerikanske militæret aldri rettar angrep mot sivile».
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #115799](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/fw5UPpXu5yg.jpg)



0 kommentarer