Slottet om gjesteliste på gravferda: Desse blir prioriterte

av | 2. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Avgrensa plass i Oslo domkyrkje gjer at ein må velje og prioritere gjester til kong Haralds gravferd neste veke.

– Mange ønskjer å vere med på Kong Harald Vs gravferd. Plassomsyn i Oslo domkyrkje gjer likevel at ein dessverre må velje, skriv Slottet til TV 2.

Kong Harald blir gravlagd onsdag om ei veke. I Oslo domkyrkje er det plass til over 800 personar, og det er venta å bli trongt om plassen på gjestelista, som vil bestå av gjester frå fjern og nær.

Det kjem stadig nye stadfestingar frå europeiske kongehus, som sender sine kongelege, sjølv om den endelege gjestelista langt frå er kjend.

Tysdag sa stortingsrepresentant for Framstegspartiet (Frp) Pål Morten Borgli at han og mange andre var skuffa over å ikkje få invitasjon.

– Familie, utanlandske statsoverhovud, representantar for andre land, det offisielle Noreg, Kong Haralds beskyttarskapsorganisasjonar og nære venner vil bli prioriterte i første omgang, skriv Slottet vidare.

(©NPK)