Opphavleg var det 17.105 som stod i bustadkø 1. august.
Den lengste køen er det framleis i Oslo. Her ventar 1.828 på studentbustad.
Rett bak er studentar i Trondheim, der 1.808 står i bustadkø.
Samtidig er det fleire studiestader som kan varsle at alle studentane har fått ein stad å bu. Det gjeld Alta, Svalbard, Nesna, Evenstad, Rena, Kautokeino og Notodden.
– Av erfaring veit vi at ein del av dei som står i kø allereie har funne andre bustadløysingar, og at det vil løyse seg for fleire framover. Vi forventar at tala vil halde fram med å falle mot slutten av semesteret, seier bustaddirektør Håvard Staff Brenno i Studentsamskipnaden i Oslo (Sio) til NTB.
Likevel er det framleis eit stort behov. Sio planlegg byggjestart for 800 nye studentbustader i år, og har i tillegg fleire store prosjekt dei kommande åra.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #115558](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/j-hnR0gQRL4.jpg)



0 kommentarer