– Russland var involvert i droneangrepet mot Leipzig/Halle-flyplassen førre månad, sa Tysklands innanriksminister Alexander Dobrindt på ein pressekonferanse tysdag.
Dronen, utstyrt med eksplosiv, vart funnen nær eit ukrainsk lastefly i Leipzig 4. august. Flyet vart brukt til frakt av militære forsyningar, og flyplassen vart mellombels stengd som følgje av hendinga. Flyplassen blir brukt som base av Nato og selskapet Antonov.
– Angrepet i Leipzig er eitt av Russlands hybride angrep i Europa, seier Dobrindt.
25. august uttalte forbundskanslar Friedrich Merz at gjerningspersonane skal «betale prisen» for angrepsforsøket.
EU og Nato-sjefane møtest
Leiaren for EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, seier ho skal diskutere droneangrepet med Natos generalsekretær Mark Rutte onsdag.
Von der Leyen seier ho lovar full solidaritet med Tyskland og legg til at EUs utanriksministrar skal førebu eit svar mot Russland på sitt neste utanriksministermøte.
– Nato står i full solidaritet med Tyskland etter det russiske hybridangrepet i Leipzig, skriv Mark Rutte på X.
Han understrekar at Nato skal halde fram med å styrkje evna til å avskrekke og forsvare forbundsfellane sine mot alle truslar etter hendinga i Leipzig.
Beordrar nedstenging av konsulat
Tysklands utanriksminister Johann Wadephul følgjer opp skuldingane ved å beordre stenging av det russiske konsulatet i Bonn.
– Vi beordrar at Russland stenger konsulatet i Bonn og Det russiske huset i Berlin, seier Wadephul.
Det russiske huset er eit russisk kulturhus lokalisert i gata Friedrichstraße i Berlin.
Vidare seier han at angrepet er det siste i ei lang rekke angrep med mål om å destabilisere Europa, og at han har kalla Russlands ambassadør til Tyskland inn på teppet.
Russland svarer på skuldingane med å gjere det klart at dei vil svare på alle antirussiske handlingar.
Støre: – Kan ikkje aksepterast
Noregs statsminister Jonas Gahr Støre seier Noreg uttrykkjer full støtte til korleis dei tyske styresmaktene har handtert sabotasjeforsøket i Leipzig.
– Hybride angrep mot forbundsfellane våre kan ikkje aksepterast og vil bli møtte med kraftige mottiltak. Vi vil ikkje la oss avskrekke frå å kjempe for fridom og tryggleik i Europa. Vår støtte til Ukraina er urokkeleg, skriv Støre i ein kommentar til NTB.
– Saman med partnarar held Noreg fram innsatsen for å førebyggje, avdekkje og handtere alvorlege tryggingstruande hendingar, seier han.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #115274](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/LwiM5zMzQS4.jpg)

0 kommentarer