Kystverket: Ubåtvraket utanfor Fedje bør dekkjast til

av | 1. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK–NTB): Kvikksølvlasta frå ubåtvraket utanfor Fedje i Vestland bør ikkje hentast ut. Vraket og sjøbotnen rundt bør dekkjast til, slår Kystverket fast i ein rapport.

Det opplyser Nærings- og fiskeridepartementet, som fekk rapporten.

Ubåtvraket U-864 ligg på om lag 150 meters djup utanfor Fedje i Vestland. Om bord er ei last av kvikksølv som har forureina området rundt vraket.

Departementet gav i 2024 Kystverket i oppdrag å vurdere om kvikksølvlasta bør fjernast før vraket og den forureina sjøbotnen eventuelt blir dekt til.

Å fjerne kvikksølvlasta inneber risiko for at forureininga blir spreidd, påpeikar Kystverket i rapporten sin. Dei tilrår derfor at vraket og den forureina sjøbotnen blir dekt til.

Kvikksølv har lekke ut.

Den tyske ubåten U-864 vart senka av den britiske ubåten Venture utanfor Fedje 9. februar 1945. 73 tyske soldatar og to japanske soldatar omkom. Ubåten var lasta med opptil 67 tonn flytande kvikksølv.

I juni tok Kystverket seg ned til vraket for å finne ut tilstanden på kvikksølvbehaldarane om bord. Det er snakk om over 1800 behaldarar med miljøgift, opplyste dei då til NRK.

22 behaldarar vart henta ut, med totalt rundt 500 kilo kvikksølv. Av desse var 80 prosent allereie skadde. Store mengder kvikksølv skal allereie ha leke ut i sedimenta.

Ny utgreiing.

Norske styresmakter har brukt over 400 millionar kroner på utgreiingar i saka.

Nærings- og fiskeridepartementet skal no gå gjennom rapporten. Deretter skal Kystverket gjennomføre endå ei utgreiing, denne gongen om heving av ubåten med last og/eller fjerning av torpedoane.

(©NPK)