Nesten éin million såg kong Haakons tale på NRK

av | 1. september 2026 | 0 kommentarer

I snitt 855 000 sjåarar følgde kong Haakons første tale til folket på NRK laurdag kveld, viser tal frå NRK.

Talen vart send som del av Dagsrevyen frå klokka 19.00 og varte i åtte minutt. I tillegg er han sett av i snitt 165 000 sjåarar på NRK TV, skriv Nettavisen.

Fredag 28. august, dagen kong Harald døydde, var 2 572 000 menneske innom NRK sitt TV-tilbod – 53,9 prosent av innbyggjarane mellom 10 og 79 år.

– I den spesielle tida Noreg står i no, har dei store media ein spesiell funksjon, seier TV-sjef Jan Egil Ådland i NRK.

(©NPK)