«Markens grøde» blir norsk Oscar-kandidat i 2027

av | 1. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-NTB-Gitte Johannessen / NTB-Edvard Stenersen): «Markens grøde» blir norsk Oscar-kandidat i 2027 – når den gjæve, amerikanske prisen blir delt ut for 99. gong. Filmen har ein vinnarsjanse, meiner regissøren.

Det offentleggjorde Norsk filminstitutt på ein pressekonferanse på Filmens hus i Oslo tysdag.

Spelefilmane «Lave forventninger» av Eivind Landsvik og «Markens grøde» av Hans Petter Moland var kortlista saman med klatredokumentaren «Trango» av Christopher Carvasal.

– Eg trur vi har ein fair sjanse, vi kjenner vi har ein film som verkeleg har noko der å gjere, seier regissør Hans Petter Moland om å bli Noregs Oscar-kandidat.

Moland laga norsk Oscar-kandidat også i 2019, den gongen med «Ut og stjæle hester» – basert på Per Pettersons romanklassikar.

Om å skape noko frå ingenting

Slik lyder grunngivinga frå juryen:

– Årets kandidat er ein film om å skape noko frå ingenting. Om å overleve når oddsa er dårlege, og om å skape eit anstendig liv utan nokon grunnmur, verken konkret eller i overført betydning. Eit av norsk litteraturs store verk er tolka og overført til lerretet i ein film som rommar både intenst kammerspel og ei kraftig brytning mellom gammal og ny tid.

– Ei kjærleikshistorie dannar ramma for ei forteljing om kampen mot og med naturkreftene, om makt og begjær, og om endring, heiter det vidare.

Skil seg ut

Fellesnemnaren var at den norske Oscar-komiteen meinte alle filmane hadde «en god mulighet til å skille seg ut» i konkurransen om ein Oscar i kategorien for beste internasjonale film.

Vegen dit er lang. Først gjeld det å komme seg på kortlista til Oscar-akademiet på 15 filmar, som blir offentleggjorde 15. desember. 21. januar blir det kunngjort kva fem filmar som blir nominerte i kategorien.

Då Joachim Triers «Affeksjonsverdi» vann Oscar som beste internasjonale film, hadde 92 land sendt inn bidraga sine. 86 av filmane vart godkjende som kvalifiserte av Oscar-akademiet. Ei rekke land har allereie Oscar-kandidatane sine klare, skriv Screen Daily.

Trier første norske vinnar

Sju norske filmar har ifølgje Filminstituttet vore nominerte i klassen beste internasjonale film, som tidlegare heitte beste ikkje-engelskspråklege film:

«Ni liv» (1958), «Veiviseren» (1988), «Søndagsengler» (1997), «Elling» (2002), «Kon-Tiki» (2013), «Verdens verste menneske» (2022) og altså «Affeksjonsverdi» (2026) – som gjekk heile vegen til siger.

Fakta om «Markens grøde»

* Regissør er Hans Petter Moland, som saman med Gard B. Eidsvold har skrive manuset basert på 1917-romanen som gav Knut Hamsun nobelprisen.

* «I nådeløs natur kjemper Isak og Inger for å skape et liv sammen. Med kjærligheten som drivkraft bygger de gården Sellanraa opp fra ingenting. Når en mørk hemmelighet kommer til overflaten, blir kjærligheten satt på prøve», heiter det om handlinga.

* Isak blir spelt av Herbert Nordrum, Inger av Asta Kamma August, medan Gard B. Eidsvold, Anders Baasmo og Sjur Vatne Brean er å sjå i andre roller.

* Kinopremiere: 30. oktober

(©NPK)