Tidlegare norsk ambulansebåt redda 18 menneske i Middelhavet

av | 1. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): 18 menneske er redda i internasjonalt farvatn og ført om bord i Leger Uten Grensers redningsbåt Øyvon i Middelhavet, opplyser organisasjonen.

Dei overlevande får tilsyn av helsepersonell etter redningsaksjonen i det sentrale Middelhavet måndag.

Dei fleste av dei overlevande er frå Eritrea, og tolv av dei er mindreårige, opplyser organisasjonen i ein e-post til NTB tysdag. Dei hadde drive rundt i ein utrygg glasfiberbåt i over eit døgn då dei blei redda, skriv Leger Uten Grenser.

Øyvon var ambulansebåt i Møre og Romsdal mellom 1996 og 2022. Leger Uten Grenser kjøpte båten i fjor, og båten blei i november sett inn i søk- og redningsarbeid i sentrale delar av Middelhavet.

Den sentrale middelhavsruta er rekna som ein av dei dødelegaste i verda, ifølgje Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM). Den omfattar hovudsakleg sjøvegen frå Libya og Tunisia til Italia og Malta.

Så langt i år har minst 821 migrantar og flyktningar mista livet eller forsvunne på denne ruta, ifølgje IOM.

(©NPK)