(NPK-NTB): Tysdag morgon var det over heile landet tilbake til «gamle» prisar for bensin og diesel.
Avgiftsauken fører til at det blir lagt på 4,71 kroner per liter for bensin og 4,51 kroner per liter for diesel.
Måndag vart det frå heile landet rapportert om rasjoneringsaktige køar ved bensinstasjonane for bileigarar som skulle sikra seg drivstoff. Tysdag morgon var prisane jekka opp.
Stortinget innførte eit mellombels kutt før påske i 2026 for å skjerma forbrukarane mot prissjokk. Dette kuttet vart oppheva 1. september 2026.
Medan bileigarar fortviler, er det ganske stille frå politikarane i Stortinget om saka. Partia har nemleg signalisert at det ikkje blir noko politisk debatt under sørgjetida etter kong Haralds død.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #115085](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/D3eLGzDeauU.jpg)



0 kommentarer