Folk kan gå forbi kong Haralds båre

av | 28. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Båra til kong Harald blir fredag kveld frakta frå Rikshospitalet til Slottet. Seinare blir Slottskapellet opna, slik at folk kan komma for å ta farvel.

Båra med den avdøde kongen blir henta frå kapellet ved Rikshospitalet klokka 18.30 og blir køyrd til Slottet, opplyser kongehuset.

Båra skal etter planen først plasserast i Den raude salongen på Slottet. Seinare blir ho flytta til Slottskapellet, der ho skal stå fram til gravferdsdagen.

– Kapellet vil vera ope for alle for defilering forbi båra i gitte tidsrom. Datoane for dette vil bli kunngjorde seinare, skriv Kongehuset.

Defilering betyr at dei som ønskjer det, kan gå sakte forbi båra for å ta farvel med kong Harald, som skal liggja i lukka kiste.

Kadettar frå krigsskulane i Forsvaret skal stå bårevakt – to på kvar side.

– Båra vil stå på ein purpurkledd katafalk, og kransen til familien blir festa på båra, opplyser kongehuset.

Riksregalia skal sendast til Oslo for å følgja båra. Kongekrona, rikssverdet, septeret og rikseplet blir plasserte på båra, skriv kongehuset.

(©NPK)