To av Noregs fremste forfattarar og ekspertar på kongehuset oppsummerer kva slags konge vi har hatt og kva han har betydd monarkiet og folket i Noreg.
– Harald V var statsoverhovud i ei svært omskifteleg tid, då landet forandra seg frå eit utprega homogent til eit meir komplisert og mangfaldig samfunn, seier Tor Bomann-Larsen til NTB.
– Ein vesentleg forskjell mellom kong Olav og kong Harald, er at Harald regjerte i ei meir uroleg tid enn far sin. Kong Olav var konge frå 1957, han opplevde ein periode med vekst og framgang i Noreg, og ikkje minst fred. Ein fann olja, og det la grunnlag for auka velstand i Noreg. Kong Harald har regjert medan vi har sendt nordmenn i krig, vi har opplevd terrorangrep på norsk jord og ei helsekrise med koronapandemien, seier historikar og forfattar Trond Norén Isaksen.
Nær og empatisk
Frå 1991 og i dei neste 35 åra har Noreg, synet på kva som er norsk, endra seg enormt, kulturelt, religiøst og politisk.
– I denne for mange kaotiske perioden har kongen stått for nasjonal stabilitet, kontinuitet og samanheng, seier Bomann-Larsen.
– Kong Haralds sterkaste side var den empatien han alltid viste, seier Isaksen.
– Sjølv sa han at han opplevde det som noko av det vanskelegaste han gjorde, å trøyste folk i krise, fordi han kunne føle at han trengde seg på i folks private og djupe sorg, når dei ville vere i fred. Men sånn oppfatta dei det jo ikkje. Han var eit menneske med så stor empati at det alltid verka genuint når han viste medkjensle, seier Isaksen vidare.
Etter terrorangrepet 22. juli 2011, uttalte kong Harald til den amerikanske avisa New York Times at han personleg kjende seg veldig hjelpelaus i møte med offera og dei pårørande, men at han som konge følte at oppgåva hans var å vere den som trøystar og fører nasjonen saman.
– Eg har alltid hatt kjensla av at krisetider, det er det vi er her for, eigentleg, sa kongen.
Eit takksamt folk
– Han var ein monark som såg undersåttane sine, ein konge som kvar enkelt nordmann – uansett stilling, stand og etnisitet – opplevde som konge, seier Bomann-Larsen, og påpeikar at kong Harald representerte «et medfølelsens monarki».
Dette var ein annan type kongegjerning enn kong Haralds far og farfar stod for.
– Til det siste lojal mot sin konge-eid vart han den hittil eldste monarken som har sete på Noregs trone. Det er eit djupt takksamt folk som tek avskil med statsoverhovudet sitt, seier Bomann-Larsen.
Godt førebudd konge
Ekspertane er ikkje i tvil om at monarkiet vil bestå med kong Haakon VIII, sjølv om tidene framleis endrar seg og monarkiet av fleire sest på som utdatert statsform:
– Det norske kongedømmet kviler på ein over tusen år gammal tradisjon. Meir enn om ei regjeringsform, handlar monarkiet om ein nasjons identitet. Derfor står trona djupt planta i norsk historie og samfunnsliv, uavhengig av kvar enkelt konge, seier Bomann-Larsen.
Samtidig trur han den nye kongen, i kraft av personlegdommen og kompetansen sin, vil gjere ein god jobb, med folket i ryggen.
– Med Haakon får Noreg det kanskje best førebudde statsoverhovudet landet nokon gong har hatt. Ikkje berre har han vore ein velutdanna, svært aktiv, hardt arbeidande kronprins, han har i vanskelege tider vist at han kan bere også tunge belastningar. Derfor er det mi overtyding at den nye kongen allereie ved tronovertakinga kan gjere rekning med folkets godhug og djupe sympati, seier Bomann-Larsen.
Kongerolla vil endrast
Isaksen trur heller ikkje nokon «mister nattesøvnen» over at ein ny konge no skal overta.
– Så er det slik, når éin konge har sete lenge bidreg det til at folk tenkjer at «det er slik ein konge skal vere». Då kong Olav overtok trona, kunne ikkje folk sjå for seg at han ville bli like høgt verdsett som faren, kong Haakon VII. Då kong Harald overtok, tenkte mange at han ikkje kunne måle seg med folkekongen hans far hadde vore. Men kong Harald skapte si eiga kongerolle, tilpassa si tid, seier historikaren.
Slik vil det bli igjen
– Den nye kongen vil ha ein annan profil og gjere ting på ein annan måte. Noko av det viktigaste kongen gjer er å tilpasse seg skiftande tider, seier Isaksen, som tippar personlege interesser vil spele inn.
– Allereie i 20-åra sa dåverande kronprins Haakon at han vil leggje mindre vekt på idrett enn faren. Vi kan kanskje oppleve at den nye kongen har ei større kulturinteresse og mindre idrettsinteresse enn faren. Der det ofte var ein haug idrettsutøvarar på gallamiddagane til kong Harald på slottet, vil vi kanskje sjå at kong Haakon inviterer profilar frå film og musikk.
– Samtidig har kong Harald sett eit veldig godt døme der mykje har vorte godt løyst, så kong Haakon vil nok føre mykje av farsarven vidare.
Eit anna støtteapparat
Kong Harald har i heile sin periode hatt dronning Sonja ved si side, ikkje berre som ektefelle, men som representant for kongehuset, med eigne ansvarsområde. Ho har vore reisefølgje, avlastar og støtte for kongen.
I tillegg har kongehuset, primært kongeparet og kronprinsparet, sagt at dei har fungert som eit team, der også prinsesse Märtha Louise, prinsesse Astrid og etter kvart også prinsesse Ingrid Alexandra har bidrege.
Den nye kongen kan ikkje rekne med sine næraste på den same måten.
– Helsesituasjonen for den nye dronninga er framleis uavklart. Lungetransplanterte har ein lang rekonvalesens, og det varierer om dei er funksjonsfriske i åra som følgjer transplantasjon, seier Isaksen.
– Tradisjonelt har kongen kunna delegere oppgåver til medlemmer av familien. Det blir ei utfordring ikkje berre med tanke på helsa til den nye dronninga, men også at to av dei andre medlemmene av kongefamilien, dronning Sonja og prinsesse Astrid, er rundt 90 år. Den nye kongen kan bli ståande åleine med mykje og har elles berre to studentar å delegere til. Dessutan er det ikkje planen at prins Sverre Magnus skal ha ei spesielt stor offisiell rolle, men heller skape ein eigen karriere, seier Isaksen.
Den nye kongen kan heller ikkje stole på å ha ei søster som vil stille opp, slik prinsesse Astrid har gjort for bror sin og kongehuset. Prinsesse Märtha Louise slutta å jobbe for kongehuset i 2022 og er sidan ikkje kongeleg vernar for organisasjonar.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #113873](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/p_C3uVk0u8M.jpg)



0 kommentarer