FN-sjef ber om 1,1 milliardar dollar i ebolahjelp til Kongo

av | 27. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): FNs generalsekretær António Guterres ber om 1,1 milliardar dollar for å fullfinansiera ein hjelpeplan til det ebola-ramma Kongo.

Planen har ei totalramme på 2,1 milliardar dollar, rundt 19,7 milliardar norske kroner.

USA har gitt eit stort bidrag, melder nyheitsbyrået AFP, men utan ytterlegare finansiering vil viktige operasjonar gå tomme for midlar når dei heller bør trappast opp, seier Guterres.

Per i dag er 48 prosent av planen finansiert, men ressursane vil vara i veker, ikkje månader, la han til.

– Derfor ber eg om dei resterande 1,1 milliardane, vel vitande om at det vil bli behov for endå meir i framtida.

Sidan ebolaepidemien braut ut i Kongo i midten av mai, er det registrert over 5600 stadfesta ebolasmitta i landet. 2700 personar har så langt døydd av sjukdommen.

Utbrotet er det største i Kongos historie og kjem av den sjeldne Bundibugyo-varianten av viruset. Den finst det verken vaksinar eller behandling mot.

(©NPK)