Digdir friskmelder alle tenester etter hackarangrep

av | 27. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Digitaliseringsdirektoratet melder torsdag ettermiddag at alle løysingane fungerer som normalt igjen.

– Det er framleis nokre driftsforstyrringar knytte til trafikk frå utlandet, som vi jobbar vidare med å løysa. Vi held fram med å følgja situasjonen og oppdaterer ved behov, skriv dei på nettsidene sine.

Nokre timar tidlegare melde Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) at situasjonen tydde på at dataangrepet mot dei var over.

Angrepet starta natt til måndag klokka 3.38 og stoppa ved 19.30-tida onsdag kveld, ifølgje Digdir.

Dataangrepet vart utført i form av eit tenestenektangrep. Ti tenester har vore ramma, blant dei ID-porten, MinID, Altinn og E-innsyn.

(©NPK)