Folk strøymer til Slottsplassen

av | 27. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Medfølande nordmenn har lagt ned blomsterbukettar på Slottsplassen, der stadig fleire strøymer til.

Dei første blomstrane dukka opp allereie i 11.30-tida, og sidan har folk lagt ned det som har vorte ei lang linje med blomsterbukettar på plassen framfor Slottet.

Torun Larsen frå Son og Mona Berghøi frå Eidskog hadde planlagt eit besøk på Slottsplassen i dag for å sjå vaktparaden til Garden. På grunn av situasjonen med sjukdommen til kongen bestemde dei seg for å leggja ein blomsterbukett framfor Slottet.

— Vi følgjer jo med, som andre gjer. Det er trist, seier Larsen til NTB.

Ho er oppteken av kor viktig det er å ha kongefamilien med vidare, same korleis situasjonen utviklar seg no.

— Så får vi ikkje gjort noko med alder, seier Berghøi.

Store delar av kongefamilien har samla seg på Rikshospitalet, der kong Harald har vore innlagd i ti dagar. Torsdag vart tilstanden hans ytterlegare forverra, og tilstanden er ifølgje Slottet no svært alvorleg.

(©NPK)