Spesialist om kongehelsa: – Veldig alvorleg situasjon

av | 27. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-Edvard Stenersen): Kong Haralds helsetilstand er svært alvorleg etter ein infeksjon. Eldre har mindre reservekapasitet og er mindre motstandsdyktige mot infeksjonar, seier spesialist.

Kong Harald har vore innlagd på Rikshospitalet sidan 17. august. Tilstanden hans er no svært alvorleg, opplyste Slottet torsdag formiddag.

– Det tyder på at behandlinga ikkje har verka som ein hadde håpa på, og at det har vorte komplikasjonar, seier Leiv Otto Watne til NTB.

Han er overlege ved geriatrisk avdeling ved Akershus universitetssjukehus og deltek ikkje i behandlinga av kongen.

– Det vi veit, er at han har fått behandling for ein infeksjon med bakteriar i blodet. Då kan det vere at behandlinga som er sett i gang, typisk antibiotikabehandling, ikkje har fungert som ein hadde håpa på, seier Watne.

Mindre motstandsdyktige

Kong Harald vart innlagd for å bli behandla for væskesamling i kroppen, som kom av kortisonbehandling for blodsjukdomen hemolytisk anemi. Etter kvart forverra tilstanden hans seg, og han fekk ein infeksjon i blodet.

Eldre menneske og dei med underliggjande sjukdomar er òg meir utsette for biverknader, ifølgje Watne.

– Det kan til dømes vere at ein får problem med nyrene eller hjartet, og at organa i kroppen byrjar å svikte, forklarer han.

– Ein har mindre reservekapasitet når ein blir eldre, og ved ein akutt sjukdom som ein infeksjon er, så har ein mindre å stå imot med. Det at han har vore innlagd i fleire dagar, er i seg sjølv eit teikn på at det er ein tilstand som har vore vanskeleg å behandle og etter kvart komplisert, legg han til.

Bekymra

Utviklinga bekymrar overlegen.

– Med meldinga i dag blir ein sjølvsagt veldig bekymra. Det var ein veldig tydeleg beskjed om at det er ein veldig alvorleg situasjon, seier han.

– På den andre sida var det noko ein måtte vere førebudd på, og for meg som jobbar med eldre pasientar, så er det eit forløp som ikkje er heilt uvanleg. Ein kjem inn på sjukehus og får behandling for éin tilstand, og så oppstår det komplikasjonar og nye tilstandar ein må ta omsyn til. Så blir behandlinga etter kvart komplisert og ikkje så effektiv som ein håpar på, seier han vidare.

Også kongehusekspertar uttrykkjer bekymring.

– Det kongelege hoffet er generelt sett ganske avbalansert i ordbruken, og når dei brukar såpass sterke ord, så må vi ta dei orda for det dei er verde, seier Ole-Jørgen Schulsrud-Hansen til NTB torsdag.

– Når dei sender ut ei slik pressemelding og kronprinsregenten og dronninga avlyser programmet sitt, så er det openbert ein stor grunn til bekymring, seier Trond Norén Isaksen.

(©NPK)