EU var ikkje informert om CIAs besøk i Moskva

av | 27. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Den amerikanske CIA-sjefen John Ratcliffe informerte ikkje EU om besøket sitt i Russland tysdag, opplyser ein talsperson for EU-kommisjonen, Paula Pinho.

Eit amerikansk militærfly landa i Moskva tysdag, og fleire medium melde at Ratcliffe var om bord. Tysdag kveld blei det meldt at det same flyet hadde forlate Russland.

Turen var etter alt å dømme Ratcliffes første besøk i Moskva sidan han blei CIA-direktør i januar i fjor. Forløparen hans William Burns reiste til Russland i november 2021 for å møte Putin og åtvare han mot å invadere Ukraina.

Kreml stadfestar at Ratcliffe møtte representantar for russisk etterretning, men han møtte ikkje Vladimir Putin. Den russiske presidenten blei orientert om samtalane i etterkant, ifølgje Kreml-talsmann Dmitrij Peskov.

President Donald Trump omtalte onsdag besøket som «nokså rutinemessig» og sa at USA arbeider for å få slutt på krigen i Ukraina.

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar