Det har så langt ikkje vorte meldt om sakna nordmenn.
På kinesisk side av grensa – i Tibet – er over 550 menneske sakna, 260 utlendingar, ifølgje rikskringkastinga CCTV.
I alt 270 menneske er stadfesta omkomne på nepalsk side av grensa, opplyser politiet i landet på X torsdag. I Tibet er det så langt berre meldt om tre omkomne.
Heile byar vart utraderte av dei kraftige vatn- og jordmassane som strøymde ned frå fjellet onsdag. Styrtflaumen kom etter alt å dømme av at ein del av ein isbre kollapsa.
Den norske ambassaden har saman med ambassadane frå Finland, Frankrike, Storbritannia, Sveits og Australia sendt ut ei fråsegn der dei ber personar i dei ramma områda om å følgje rettleiinga frå lokale styresmakter, skriv Euronews.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #113256](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/wWBmy0rkQqY.jpg)


0 kommentarer