Avinor melder om passasjervekst i første halvår

av | 26. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): I første halvår i år hadde Avinor ein auke på 288 millionar kroner i driftsresultat samanlikna med første halvår i fjor. Passasjertala aukar, noko selskapet trur vil halda fram.

– Avinor har ei robust drift og leverer resultat i tråd med forventningane, trass i internasjonal uro, seier konsernsjef Abraham Foss i Avinor i ei pressemelding.

Konsernet hadde totale driftsinntekter på 7,1 milliardar kroner i første halvår. Det er ein vekst på 8,6 prosent samanlikna med den første halvdelen i fjor, justert for andre inntekter. Totale driftskostnader var på 4,6 milliardar i perioden, noko som er ein auke på 4,7 prosent frå første halvår i fjor.

For første halvår enda det justerte driftsresultatet på 1,1 milliardar kroner. Det er ein auke på 288 millionar kroner samanlikna med første halvår i fjor.

25,9 millionar passasjerar reiste via lufthamnene til Avinor i første halvår i 2026. Det er ein auke på 2,1 prosent frå i fjor.

Passasjertala auka mest på Bergen lufthamn med ein auke på 6,9 prosent i første halvår.

– Vi utviklar lufthamnene og tilbodet til passasjerane vidare for å møta nye reisemønster og kundegrupper, samtidig som vi held oppe fokus på sikker og stabil drift. Avinor held fram med ein aktiv dagsorden for å halda kostnadsnivået nede, seier konsernsjef Foss i pressemeldinga.

Avinor reknar med ein moderat trafikkvekst framover. I 2032 ventar selskapet opp mot 59 millionar passasjerar med ein vekst i utanlandstrafikken.

(©NPK)