(NPK-NTB): I alt 74 fleire misjonærbarn som vart utsette for belastningar i barndommen, er tilkjende erstatning.
Med tildelinga i vår har om lag 300 barn av norske misjonærar fått tilkjent erstatning etter at dei måtte bu på internat og opplevde ei belastning knytt til dette medan foreldra levde ut misjonsgjerninga si i utlandet, opplyser støttegruppa Sendt Bort.
Dette er den fjerde runden med behandling av oppreisingssaker etter at ordninga vart etablert hausten 2024.
– Ei unnskyldning er viktig. Men for mange får den ei anna tyngd når ho blir følgt av konkrete handlingar. Oppreisingsordninga seier ikkje berre «vi beklager». Den seier også «vi har høyrt historia di, vi anerkjenner det som skjedde, og vi tar ansvar». Det er derfor denne ordninga har så stor betydning, seier leiar Anne Marit Naustvik i Sendt Bort.
Misjonærbarn av så langt 14 misjonsorganisasjonar er omfatta av ordninga om rettferdsvederlag og kan søkje om oppreising frå 50.000 til 250.000 kroner.
Sidan starten i 2024 har om lag 41,6 millionar kroner vorte delte ut.
For første gong var misjonærbarn også frå Lys over Land, Orientmisjonen og Metodistkirken omfatta av ordninga. I søknadsrunden i vår vart det gitt oppreising til 74 misjonærbarn på til saman 9,6 millionar kroner.
(©NPK)




0 kommentarer