Senteret, som ligg mellom bydelen Kafr Aqab i Aust-Jerusalem og flyktningleiren Qalandia, har sidan opninga i 1952 gitt yrkesopplæring til titusenvis av palestinarar.
Elevar og tilsette fekk tysdag ordre om å forlata senteret til protestar frå mellom anna FNs Midtausten-koordinator Ramiz Alakbarov.
FN fordømmer
– Eg fordømmer på det sterkaste dagens uautoriserte israelske innsteg og ulovlege beslaglegging av FN-fasiliteten som Unrwa driv i det okkuperte Aust-Jerusalem, heiter det i ei fråsegn frå Alakbarov.
– Opplæringssenteret i Qalandia er FN-eigedom og ukrenkjeleg og immun mot alle former for innblanding, legg han til.
Israels statsminister Benjamin Netanyahu stadfestar at aksjonen mot Unrwas opplæringssenter var beordra av han.
Terrorskulding
– Staten Israel vil ikkje tillata at ein organisasjon der tilsette var involverte i terrorisme og i massakren 7. oktober, opererer på sitt territorium, og vi vil handla mot han med alle tilgjengelege middel, heiter det i ei fråsegn.
Israel har fleire gonger tidlegare fremja slike skuldingar mot Unrwa.
Ei rekke granskingar, mellom anna ei som vart leidd av Frankrikes tidlegare utanriksminister Catherine Colonna, fann enkelte «nøytralitetsrelaterte problem» i Unrwa, men understreka at Israel ikkje har lagt fram avgjerande bevis for terrormedverknad.
Reiv hovudkvarteret
Israelske styresmakter forbyr Unrwa å operera på israelsk territorium, inkludert i Aust-Jerusalem, som landet okkuperte i 1967.
I januar reiv Israel Unrwa-hovudkvarteret i Aust-Jerusalem til protestar frå mellom anna utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
– Desse handlingane bryt med Israels forpliktingar etter folkeretten, understreka Eide.
Han viste til at det øvste juridiske organet i FN, Den internasjonale domstolen (ICJ), har slått fast at Israel er forplikta til å respektera FN-eigedommar.
– Skreiv historie
Israels ytterleggåande tryggingsminister Itamar Ben-Gvir feira aksjonen mot opplæringssenteret til Unrwa i Qalandia og sa at Israel skreiv historie.
– Unrwa i våre hender, skreiv han på Telegram følgd av eit bilete der det israelske flagget vaia over inngangen til opplæringssenteret.
Aksjonen tysdag fann stad dagen etter at diplomatar frå over 25 land og internasjonale organisasjonar besøkte det FN-drivne senteret.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #112574](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/DMCzh2a3hU-1.jpg)



0 kommentarer