– No jobbar vi for å få normal drift så raskt som råd, seier ho.
Flygeleiarstreiken, som byrja fredag klokka 11, vart avslutta etter semje i meklinga klokka 14 måndag ettermiddag. Dei tolv flygeleiarane som gjekk ut i streik i første omgang, var tilsette ved flyplassane i Oslo og Bergen.
– Alle dei store lufthamnene har vore prega av følgjeforseinkingar sidan helga, der både Oslo og Bergen vart hardt ramma kvar sin dag. I og med at det er mange samband derfrå, har det spreidd seg i systemet. Vi ventar at det er tilbake til det normale i morgon, seier Walla.
Ein rask kikk på oversiktene til Avinor for både Oslo og andre større flyplassar viser ganske riktig at det berre er ei handfull forseinkingar og innstillingar.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #112162](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/WNnqe9gvHJc-1.jpg)



0 kommentarer