(NPK-NTB-AFP-Reuters): Houthiane i Jemen stadfestar at det var dei som stod bak angrepet på den saudiarabiske oljetankaren Amzan i Raudehavet måndag.
Ifølgje den britiske overvakingstenesta UKMTO fann angrepet stad rundt 120 kilometer vest for den saudiarabiske hamnebyen Yanbu, langt inne i Raudehavet.
Houthiane opplyser at dei nytta eit ballistisk missil i angrepet.
– Angrepet var presist og direkte og resulterte i at det braut ut brann om bord i fartøyet. Det fekk også ei rekke andre skip i området til å flykta, heiter det i ein uttale frå houthiane.
Det saudiarabiske reiarlaget Bahri opplyser at mannskapet om bord i Amzan slapp uskadd frå angrepet.
– Heile besetninga er i trygg forvaring, og det er ikkje meldt om skadde, skriv Bahri i sosiale medium.
Houthiane i Jemen varsla i juli ein blokade av saudiarabiske hamner og skipsfart i Raudehavet som svar på støtta landet gav til USAs angrepskrig mot Iran.
(©NPK)



0 kommentarer