To nye meslingtilfelle i Sverige

av | 24. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): To til er smitta av meslingar i Sverige. Dermed er minst 29 personar smitta av sjukdommen den siste tida.

Dei nye tilfella er oppdaga i Västerbotten, melder Sörmlands Nyheter.

Utbrotet starta ved festivalen Urkult, ein årleg musikkfestival for folke- og verdsmusikk. Dei fleste av dei smitta er under 18 år og uvaksinerte mot sjukdommen.

– Inkubasjonstida etter festivalen har no gått ut, så det burde ikkje bli så mange fleire tilfelle, seier smittevernlege Maria Marklund til SVT.

(©NPK)