Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) kjøpte dronar med israelske kamera: – Veldig problematisk

av | 21. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) kjøpte ein dronepakke i oktober i fjor som var utstyrt med kamera frå ein israelsk produsent.

Det avslører FriFagbevegelse. Dronane var utstyrte med kamera frå det israelske selskapet NextVision Stabilized Systems, og skulle brukast i forsking og utvikling av Forsvaret.

Anskaffinga kosta 28 millionar kroner og vart ikkje nemnd i FFis årsrapport for 2025.

Selskapet har Israels største våpenprodusentar på kundelista – som i sin tur sel ferdige dronar til det israelske militæret, skriv FriFagbevegelse.

Ifølgje Redd Barna er det stor risiko for at NextVisions dronekamera medverkar til krigsbrotsverk mot sivile i Gaza.

Forsvarar innkjøpet

Administrerande direktør Kenneth Ruud i FFI forsvarer innkjøpet overfor FriFagbevegelse. Ifølgje han fanst det ikkje «akseptable alternativ tilgjengelege på tidspunktet for anskaffinga».

Han vil ikkje kommentere om dei Nextvision-utstyrte dronane direkte hjelper Israel med krigsbrotsverk i Palestina, men legg til at «overgrepa og krigsbrotsverka mot sivilbefolkninga på Gaza er fullstendig uakseptable».

FriFagbevegelse har vore i kontakt med NextVisions hovudkontor i Israel, men lykkast ikkje med å få svar.

– Veldig problematisk

Professor i økonomisk historie ved Handelshøyskolen BI, Pål Nygaard, er talsperson for organisasjonen Historikere for Palestina. Han omtaler FFis dronekjøp som «veldig problematisk» – spesielt fordi kjøpet vart gjort etter mediestormen om oljefondets investeringar i israelske selskap i fjor – inkludert NextVision.

Våpensystem består ofte av svært mange delar produserte i mange ulike land. FFI vil ikkje opplyse kva selskap som har produsert sjølve dronane, og kven dei har kjøpt dei av.

Forsvaret har fleire våpensystem med israelske komponentar, viser ein gjennomgang som fagbladet Forsvarets forum gjorde i vår.

(©NPK)