To drepne i russisk angrep mot kjøpesenter sentralt i Ukraina

av | 21. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-AFP): To menneske er drepne og 15 er såra etter eit russisk angrep som trefte eit kjøpesenter i byen Kryvyi Rig sentralt i Ukraina.

– To er drepne og femten er såra, seier Oleksandr Ganzha, leiar for militæradministrasjonen i Dnipropetrovsk.

– Talet på skadde frå angrepet mot Kryvyi Rig er stigande, seier han.

Fleire butikkar ved kjøpesenteret står i brann, legg han til.

Uverifiserte videoar frå sosiale medium viser redningsarbeidarar som hjelper folk med blødande sår nær kjøpesenteret.

Fleire viser også det som ser ut til å vere ein andre drone som krasjar i taket på bygningen, som det allereie stig røyk frå etter det første angrepet.

Kryvyi Rig er heimbyen til Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj. Den har vorte angripen ei rekkje gonger gjennom krigen.

Industribyen ligg rundt 60 kilometer frå frontlinja.

(©NPK)