Studie: KI-brukarar gjorde det dårlegare på eksamen

av | 21. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Elevar som brukte kunstig intelligens, fekk betre resultat på heimeoppgåver og brukte mindre tid på dei. På eksamen gjorde dei det mykje dårlegare, ifølgje ein ny studie omtalt av The Economist.

Forskarane David Strömberg ved Stockholms universitet og Victor Lei og Wu Yanhui ved Universitetet i Hongkong følgde 26.811 kinesiske elevar mellom 12 og 18 år. Rundt 80 prosent oppgav at dei brukte KI-modellar som Doubao og DeepSeek.

Etter seks månader hadde KI-brukarane i gjennomsnitt 18 prosent høgare poengsum på heimeoppgåvene. Samtidig fall tida dei brukte på kvar oppgåve frå 64 til 45 minutt.

På eksamen var biletet motsett. Elevane som brukte KI, fekk i gjennomsnitt 20 prosent dårlegare resultat enn elevar som ikkje brukte teknologien, skriv The Economist.

Elevar som brukte KI til lekser og heimearbeid, men framleis brukte omtrent like lang tid på oppgåvene som andre elevar, gjorde det derimot nesten like godt på eksamen som elevar som ikkje brukte KI.

Ein annan fersk studie frå Middlebury College fann at studentar som brukte ein chatbot til å lære eit ukjent tema, gjorde det betre på testar. Fordelen var framleis til stades då dei vart testa att ei veke seinare.

(©NPK)